top of page
Søk

Dirigentlab med Bjørn Sagstad og Ingunn Korsgård Hagen

  • sarahstrandhusk
  • 29. nov. 2024
  • 1 min lesing

Helga 22.-24. november fekk Manger Musikklag igjen gleda av å vere med på DirigentLab i regi av Dirigentløftet. Me takkar så mykje for oppdraget og for ei fantastisk helg - dette vil me gjerne gjere igjen!

Denne helga var det to kjende fjes for Manger Musikklag som var mentorar for dei påmelde dirigentane - Bjørn Sagstad og Ingunn Korsgård Hagen. Sagstad har ved mange høve vore med i MML, både som musikant og dirigent og Korsgård Hagen har dirigert MML gjennom programmet Maestra i mars 2018. I tillegg var det heile åtte påmelde dirigentar som gjennom helga fekk dirigere ulik musikk - alt frå Ball sin «Resurgam» og Gregson sin «Dances and Arias» til litt nyare musikk som «Lions of Legends» av Deleruyelle og «Fanfares and Love Songs» av Higgins.


Manger Musikklag er glade og takksame for å få vere ein del av slike prosjekt - det er lite som er viktigare enn å utvikle nye dirigentar og musikantar i Noreg. Ikkje minst er dette utviklande, lærerikt og inspirerande også for musikantane i MML. Me må igjen rette ei stor takk til Dirigentløftet for at me fekk vere med - og håpar dette er noko me kan gjere igjen seinare!


Alle foto: Dirigentløftet


 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page