top of page
Søk

Ei stor takk frå Manger Musikklag!

  • sarahstrandhusk
  • 8. mai 2023
  • 2 min lesing

Tysdag 25. april var det årsmøte i Manger Musikklag og årsmøte for BrassWind. I samband med dette ønskjer Manger Musikklag å rette ei stor takk til alle som har vore i styret, men som no gjev seg, altså; Nils-Arne Træland, Martin Frantzen, Ida Skauge Hjelmeland, Richard Vetås og Trine Villanger.

Me vil også rette ei ekstra stor takk til Nils-Arne Træland, som har vore leiar i Manger Musikklag i ei årrekkje. Nils-Arne vart leiar for laget allereie i 2009 og heldt fram med dette fram til 2016. Etter to år pause tok Nils-Arne igjen over vervet som styreleiar i 2018 og har sete som leiar fram til i dag. Nils-Arne har altså vore primus motor for laget i ei årrekkje. Laget har vunne fleire store konkurransar medan han har vore leiar, mellom anna EM i 2011. Det siste året har Nils-Arne jobba for at me i dag har eit øvingslokale som er tilpassa og fungerer godt. Dette er utruleg viktig for utviklinga til laget. Me er utruleg takksame for jobben Nils-Arne har gjort gjennom mange år, både som styreleiar, som musikant og som medmusikant. Nils-Arne har pusta og levd Manger Musikklag i mange år, og me veit at laget alltid kjem til å vere i hjartet hans. Tusen, tusen takk for innsatsen!

Ein annan person som me også må nemne ekstra, er Martin Frantzen. Martin har vore i styret sidan 2013 og gjort utruleg mykje for laget. Han heldt heldigvis fram som musikant, men gjev seg no i styret. Martin er mannen som jobbar konstant i kulissane, som alltid ser etter moglegheiter og alltid ønskjer det beste for laget. Om det er noko ein lurar på, har Martin som regel svaret. Jobben Martin har gjort har vore heilt avgjerande for utviklinga laget har hatt gjennom mange år. Me vil takke Martin for årevis med hard jobbing for laget og gler oss over at han endå skal vere med som musikant. Tusen, tusen takk!


Eit nytt styre er valt. Dette vil me presentere om litt.


 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page