top of page

100-års dagen


På dagen 22.april feira Manger Musikklag sin eigen 100-års dag på Skogen Sletta. Med dirigent Peter Szilvay i front spelte musikklaget fleire verk med historisk betydning for laget. Mellom verka blei det halde talar frå tidlegare medlemmar og dirigentar om deira tid i Manger, både fysisk og digitalt, frå innland og utland.






Historia blei lagt stor vekt på, og ein fekk høyre om dei spe byrjingane til korpset i 1922 under dirigent Anton Nygård, 20-års jubileet til musikklaget under krigen, generasjonsskifte med Tom Brevik som dirigent, konkurransar i utlandet, oppturar og nedturar, Peter Szilvay sin veg frå 7. plass i NM til siger i EM, dagens band og virke, og alt som har vert i mellom.





Det blei også utnemnd tre nye æresmedlemmar denne dagen. Johan Morken etter sin død, samt Kjetil Morken og Astri Anne Svindal Dagestad for deira dedikasjon i laget over mange år.









Det har vore litt av ei reise sidan oppstarten og me som forvaltar laget i dag har den største respekt og beundring for alle generasjonane med musikantar, dirigentar, styremedlemmer, støttemedlemmar, støttespelarar og eldsjeler som har ført laget til der vi er i dag. Til alle i og rundt Manger Musikklag: Tusen takk for innsatsen!

bottom of page