BrassWind 2025
- sarahstrandhusk
- 30. sep.
- 2 min lesing
Etter eit stort 20-årsjubileum for BrassWind i Bergen sentrum i 2024, var det i år duka for festival i Åsane kulturhus igjen. Festivalen gjekk også i år over ei heil helg, og på programmet stod mange ulike artistar og, som alltid, ei rekkje urframføringer.
Manger Musikklag på BrassWind.

Manger Musikklag både eig og driv festivalen, og speler i tillegg sin eigen konsert på kvar utgåve av BrassWind. Ekstra stas i år var det å framføre verka «Varsha Vilasa» og «Shankh» av Sanskriti Shrestha, ei urframføring av dei heilt sjeldne der brassband og tabla møtast. Sanskriti var sjølv solist på tabla, i tillegg til å ha komponert stykka. MML har og jobba med Arian Pedersen som vinnar av årets #LydenAvUnge-stipend. Arian har, saman med mentor Torstein Aagaard-Nilsen, jobba fram eit heilt nytt verk for brassband som blei urframført på festivalen med tittelen «Phoenix». BrassWind-festivalen og Manger Musikklag ser det som særs viktig å jobbe fram nye, unge komponistar som kan og ynskjer å skrive musikk for brassband-besetning.
Ein festivalsjef sender staffettpinnen vidare

Frida Solberg Ellingsen (flugelhornist i MML) har vore festivalsjef for BrassWind-festivalen dei siste tre utgåvene, altså sidan 2023. Frida blei festivalsjef det same året som Craig Farr tok over som kunstnarleg leiar. Ho har vore med på å drive festivalen til nye høgder og jobba med å skape gode rutinar og struktur for gjennomføringa av festivalen. 20-årsjubileet i 2024 var ein ekstra stor utgåve - med konsertar på ei rekkje ulike lokasjonar i Bergen sentrum - frå Grieghallen, til Johanneskirken, Kulturhuset og Nykirken. Og med store aktørar som Bergen Filharmoniske Orkester og Sarah Belle Reid på programmet. Denne utfordringa tok Frida på strak arm og helga blei ein stor suksess. BrassWind-festivalen og MML vil rette ei stor takk til Frida for innsatsen som festivalsjef - dette er ein stor og viktig jobb som du har forvalta på ein strålande måte. Vidare er me også glade for at Anne Kolstad Morken har sagt ja til å ta over som festivalsjef.