Ein strålande debut for Brandseth med MML i Siddis Brass!
- sarahstrandhusk
- for 15 timer siden
- 1 min lesing
Laurdag 2. november deltok Manger Musikklag igjen i Siddis Brass i Stavanger – ein prestisjefull konkurranse som år etter år markerer eit musikalsk høgdepunkt for brassband i Noreg. Ekstra gledeleg var det at dette var den aller første konkurransen til MML med Magnus Brandseth som dirigent. Med trygg leiing, musikalsk presisjon og ein tydeleg kunstnarleg visjon leidde Magnus MML gjennom eit framifrå program som fekk stormande applaus og begeistring frå publikum.

Årets underhaldningsprogram bar tittelen "Hypnagogic Hallucinations" der publikum fekk vere med på den reisa ein tek frå vaken tilstand, gjennom ei verd av draumer før ein til slutt vaknar opp igjen. Programmet hadde 5 satsar; «The Yeti - At the Foot of the Mountain» skrive av Magnus Brandseth, «Night Music» av Simon Dobson, «Cheatin the Polygraph» av Gavin Harrison, arrangert av Tina Kvamme, «O Nata Lux» av Lucy Walker og til sist «Awakening» av Magnus Brandseth.

Siddis Brass er alltid eit høgdepunkt, og MML vil rette ein stor takk til arrangørane for eit profesjonelt og inspirerande arrangement. Me er stolte av innsatsen og samarbeidet, og ikkje minst takksame for å få dele musikken vår med eit så lydhøyrt og entusiastisk publikum.






