top of page

Eline fekk Draumestipendet

24. mai var me ein del av ein flott seremoni for Eline Storheim som fekk utdelt Drømmestipendet frå Norsk Tipping.

Seremonien blei opna med The Champions under leiing av Allan Withington. Etter mange flotte ord om Eline, dirigerte ho oss igjennom det nykomponerte verket til Magnus Hexeberg «Sakral». Dette verket er Hexeberg sitt bidrag i komponistkonkurransen #lydenavunge. Han har kvalifisert seg til finalen i konkurransen som vert arrangert i august.

Dette var fyrste gong Eline dirigerte Manger Musikklag og for ein imponerande dirigent me møtte! Me gler oss til å sjå og bli med på utviklinga til Eline, og ser fram til å møte ho igjen til jubileumskonserten 17. september 2022.



Comments


bottom of page