top of page

FESTAFTAN 2024

Manger Musikklag har nok ein gong glede av å invitere til FESTAFTAN med stjernedirigent og trombonesolist Even Skatrud - og ikkje minst - gjesteartist Tor Endresen!

Her får de servert ein gigantisk hitparade av musikk i lettbeinte sjangrar, og med seg har me sjølvaste Tor Endresen! Her er det berre å glede seg!


Vidare ut over kvelden og natta skal DJ Torbjørn Mjøs lage stemning, så ta med dansesko og varm opp songstemma! Kanskje kjenner du nokon som "har alt" som kan få ein billett i julegåve? Då vil me råde deg til å kjøpe allereie no, me har rabbaterte billettar ut året.


Dørene opnar klokka 19.00, møt i god tid! Både mat og drikke vert å få kjøpt på arrangementet, som har 18 års aldersgrense.

Ønskjer du å reservere bord til vennegjengen eller bedrifta di? Send reservasjon til fest@mangermusikklag.com


Billettar: Early bird: 395,- kr (t.o.m. 31. desember) Ordinær: 495,- kr (etter 31. desember)


Vel møtt!

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2024 Manger Musikklag

bottom of page