top of page

Festaftan 2026!

  • for 2 døgn siden
  • 1 min lesing

Manger Musikklag ynskjer å takke alle som kom på Festaftan i Radøyhallen laurdag. Det vart ein fantastisk kveld, og ei stor oppleving å høyre Knut Marius live saman med MML.


Knut Marius er ein av Noregs aller beste vokalistar, og han leverte eit variert og fengande repertoar med vakre balladar, kjende musikalslagarar og populære poplåtar. Det var tydeleg god kjemi mellom Knut Marius, dirigent Reid Gilje og MML. Etter konserten vart det dans og fest med DJ MJØS.


Ei slik produksjon er ikkje mogleg utan frivillig innsats og lokale støttespelarar. MML ynskjer difor å rette ei stor takk til alle som bidrog til å gjere Festaftan til ein suksess.


Tusen takk til våre økonomiske støttespelarar, Sparebanken Norge og Aider Norge.


Takk til dei andre aktørane på sjølve arrangementet: YX Manger, Terzz Lyd og Lys og DJ Mjøs. 

Tusen takk òg til alle dei frivillige som legg ned hundrevis av timar for MML:Martin Frantzen, Christel Håland, Mette Vetåas, Remi Helland, Jeanette Håland, Mona Husebø, Kjetil Morken, Marielle Vetås, Linda og Arve Sylta, Håkon og Tone Tangenes, Ole Kristoffer og Inger Lise Tveiten, Laila og Sven Bjørnar Hermansen, Kristian Helland – og ikkje minst leiar for heile prosjektet, Ronny Vetåas.


– og ikkje minst TUSEN TAKK til eit fantastisk publikum som bidro sterkt til ein strålande Festaftan


Velkommen tilbake laurdag 17.april 2027 





 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page