top of page

Festkonsert(ar) på NM skulekorps brass

24. juni vart Noregsmeisterskapet i NM brass skulekorps skipa i Stavanger. Manger Musikklag fekk i oppdrag frå NMF å spele festkonsert laurdag kveld i Stavanger konserthus. Musikklaget reiset ned fredag kveld for ei siste øving, og brukte heile laurdagen til å lytte til skulekorps og snakke med ungdommen på Manger Musikklag si MOT-stand i foajeen.


Meisterskapet telte heile fire divisjonar med skulekorps og Stavanger by viste seg frå si beste side med strålande sol.

Fyrste- og andredivisjon framførte stykka sine i Fartein Valen, den store salen i Stavanger konserthus, medan tredje- og fjerde divisjon fekk spele i Kuppelhallen. Smørås Skolemusikk gjekk av med sigeren i fyrstedivisjon og Skodvin Skulemusikk tok sigeren i andre divisjon. I tillegg fekk Manger skulemusikklag ein flott fjerdeplass i fyrstedivisjon, Kløvheim og Ostereidet Skulekorps ein tredjeplass i andre divisjon. I tredje divisjon tok Haukås- og Hordabø Skulemusikklag ein sterk andreplass, Knarvik Skulekorps ein delt fjerdeplass, Rossland Skulekorps ein delt sjuandeplass og Sæbø Skulemusikklag ein fin niandeplass. Sjølv om ikkje alle kan få pallplassering i eit slikt meisterskap, må me peike på kor utruleg høgt nivå det er. Skulekorpsa i alle divisjonar viste speleglede, musikalitet, samhald og dei passa på kvarandre. Det er stor grunn til å vere stolte av ungdomen og ikkje minst til å sjå lyst på framtida. Alle musikantane frå MML høyrde på skulekorpsa og sit igjen med store musikalske opplevingar frå salen når skulekorpsa framførte sine stykke.

Laurdag kveld var det klart for festkonsert, og i år var det så mange folk i salen at Manger fekk spele heile to konsertar på rad, for omkring 2000 publikummarar til saman. Programmet inneheldt variert musikk, solistar frå alle rekkjer i korpset og eit solostykke med UMM-vinnar, Jón Arnar Einarsson. Feststemninga stod i taket på begge konsertane. Me i Manger Musikklag fekk vise speleglede og me baud på oss sjølve gjennom dans, song, klapping og grøne solbriller. Eit høgdepunkt frå konserten må vere når både vaksne og unge i salen song og dansa med oss. Ikkje minst vart det skapt magi når juff- og baritongruppa i Manger Musikklag spelte kvartett og heile salen skrudde på lommelykta på mobilen sin og lyste opp salen.

I etterkant av konserten var det fleire, både foreldre og skulekorpsungdom, som uttrykte at dette var den kjekkaste konserten dei hadde vore på. Me fekk òg kommentarar om at no skulle dei i alle fall ikkje slutte i korpset. Dette er kanskje det viktigaste me gjer i Manger Musikklag – inspirere og motivere ungdommen til å bli verande i ein så fantastisk hobby som korps er.


MML har og vore tydelege og synlege MOT-ambassadørar i Stavanger. Om lag to veker før konkurransen starta laget å dele ulike klipp frå sosiale medier med tips, triks og oppmodingar til ungdomen. Me minna om å ta vare på kvarandre, smile mykje, førebu seg godt osv. I Stavanger hadde MML ein eigen stand med MOT-merch, plakatar med utfordringar til skulekorpsmusikantane og i tillegg vart utfordringane sende på alle skjermane både i Konserthuset og i Kuppelhallen. Det er viktig for laget å vere tydeleg til stede for dei unge heile året, men ekstra viktig på ein slik arena.

Ekstra spesiell var også festkonsertane av den grunn av Martin Winter hadde sine siste konsertar som fast dirigent for MML. Martin har fylgt laget gjennom ei årrekkje og vore ein heilt avgjerande person for suksessen laget har hatt. Me takkar Martin så mykje for tida han har hatt korpset, og me vonar å sjå han igjen. No tek Manger Musikklag ein kort sommarferie etter ein lang jubileumssesong. Me vil gjerne nytte høvet til å takke alle som har støtta oss i år på ulike måtar. Det set me stor pris på. Me vil også takke alle skulekorpsa for ei fantastisk helg – de inspiserer oss masse! Med det seier me god sommar og gler oss til å sjå alle til sesongstart 27. august i Manger Kyrkje.

______ Merknad: Bilete på rad 1 og 2 frå festkonserten - fotograf Hans Lie

Bilete på rad 3 frå festkonserten - fotograf Øyvind Andersen Bilete av MOT – Sarah Strandhus Karlsen

bottom of page