Fleire store dirigentnamn til MML!
- for 10 timer siden
- 1 min lesing

I tillegg til Kjetil Djønne og David King, skal Manger Musikklag få samarbeide med fleire store dirigentar i løpet av det komande året. Dette er noko me verkeleg gler oss til!
På BrassWind og Julekonserten skal me bli betre kjende med Margie Antrobus. Margie har tidlegare spelt i Manger Musikklag og kjenner på mange måtar laget godt – men denne gongen skal ho stå framfor MML og leie oss som dirigent. Det vert eit spanande gjensyn i ei ny rolle som me gler me oss stort til! 🎶
Til våren kjem Andreas Hansson att - eit gjensyn me ser fram til. Andreas er ein anerkjend dirigent, både i inn- og utland, og var innom Manger Musikklag for nokre år sidan. Då vart me einige om at dette måtte me gjere igjen – og no får me endeleg høve til det! 👏
Ikkje minst får me eit nytt møte med den franske maestroen Florent Didier. Han har òg vitja laget tidlegare, og me gler oss til å møtast igjen og skape ny musikalsk magi saman 🇫🇷🎺
Og eit anna, særs gledeleg gjensyn: Even Skatrud skal igjen leie Festaftan i Radøyhallen! Med Even på podiet veit me at det vert energi, trombonespel frå himmelen, vitser, skrøner og – ikkje minst – musikalsk kvalitet på høgt nivå. Dette vert garantert ein kveld å sjå fram til! 🎶🔥
Me er utruleg takksame for alle desse dyktige dirigentane som kjem den komande sesongen. Det ligg an til å bli ein sesong med mange store musikalske møtepunkt – og me gler oss til å dele dei med publikum!






