Julekonserten - i to utgåver
- sarahstrandhusk
- for 2 døgn siden
- 2 min lesing
Den tradisjonsrike julekonserten til Manger Musikklag er for mange eit fast høgdepunkt i desember. Også i år fekk me gleda av å halde to konsertar – først i vakre Manger kyrkje, og deretter i stemningsfulle Nykirken i Bergen.

Med Tormod Flaten bak dirigentpulten fekk publikum oppleve ei varm og inderleg julefeiring med klassisk brassbandmusikk, rolege tonar og høgtideleg stemning. Dette er ein kveld for ro og ettertanke i ein travel førjulstid, og ein viktig tradisjon både for musikantar og publikum. Særleg er det godt å spele i heimlege trakter, og konserten i Manger kyrkje er ein særskilt viktig arena for oss i MML. Her får me møte lokalpublikumet på Radøy, halde kontakten med bygda vår og dele musikken med dei som har følgt oss gjennom generasjonar.
Blant høgdepunkta i desse konsertane, var solistane me hadde med oss. MML er spesielt stolte av at stjernesopran Lydia Hoen Tjore også i år ville vere med som solist, og syngje alt frå "Rusalkas song to the moon" til julesongar som "Santa Claus is Coming to Town". I tillegg hadde me solistar frå eigne rekkjer; Frida Solberg Ellingsen på flugelhorn spelte ein nydeleg versjon av "Koppången".
På konserten i år hadde me også med oss tre hospitantar frå lokale skulekorps; Amalie på slagverk frå Manger Skulemusikklag og Martin og Audun frå Sæbø Skulemusikklag. Desse tre gjorde ein særs god figur; både musikalsk og sosialt. Me er takksame for at det kjem unge, flinke musikantar til - og vonar at me bidrog med inspirasjon og motivasjon til vidare utvikling.
No kjem ein velfortent juleferie før MML går rett inn i oppkøyringa til NM, der Thor-Arne Pedersen skal leie førebuingane fram til David King kjem tilbake på nyåret. Me ser fram til eit nytt år med nye musikalske utfordringar – men først og fremst er me takksame for å ha fått runde av året med det som kanskje er den mest stemningsfulle konserten i året.
God jul frå alle oss i Manger Musikklag!














