top of page

Kim Lofthouse - til minne

  • for 1 time siden
  • 2 min lesing

Det var med stor sorg vi mottok meldinga om at Kim Lofthouse har gått bort, så alt for tidleg. Kim kom frå Preston i England til Noreg hausten 1979 då han hadde fått stillinga som basstrombonist i Oslo Filharmoniske Orkester. Kim sitt namn vart raskt kjent i musikkmiljøet over heile landet. Det var ikkje berre som instrumentalist han fekk eit godt rykte, men òg som ein usedvanleg inspirerande og dyktig instrumentalpedagog. I 1983 byrja Kim å undervisa på Manger Folkehøgskole og Bergen Musikkonservatorium, no Griegakademiet. Mange av studentane hans frå den tida spela, og framleis spelar, leiande stemmer i korpsmiljøet over heile landet. Mange vart profesjonelle musikarar i symfoniorkester og militærkorpsa.

Då Kim kom til Manger Folkehøgskule vart han raskt knytta opp mot Manger Musikklag. I 1986 vart han tilsett som ein av MML sine faste dirigentar for fyrste gong. Dei fyrste åra i nært samarbeid med Tom Brevik, seinare med både Roy Newsome og David King. Det gode samarbeidet med David King var ein viktig faktor for den gode musikalske utviklinga MML hadde på 90-talet. Kim hadde ansvar for ei rekkje store prosjekt med MML, m.a. innspelinga av cdèn Circius, den store USA turnéen, Brass in Concert, BBC Listen to the Band, og begge fjernsynsseriane «Resonans». Kim var også supervikar på basstrombone ved ulike høve.

Kim har i alle år vore ein viktig ressurs for MML, både som dirigent og som spelelærar for mange av våre musikantar. Seinast i 2023 var Kim inne og jobba med grovmessing før NM.

Kim var svært kunnskapsrik og ein særs dyktig pedagog med eit ekstremt godt gehør. Minst like viktig var hans personlegheit, omtanke for den einskilde musikant, mykje god humor, ein fantastisk smittande og karakteristisk latter. Det var alltid veldig hyggeleg å møte Kim i ulike samanhengar.

Vi har mange gode minner om Kim og han vil verte sakna av oss alle.

Vi lyser fred over minnet hans og sender våre djupaste kondolansar til Kim sine næraste.

På vegne av Manger Musikklag, Marianne Gjertsen

 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page