top of page

KorpsMOT

  • sarahstrandhusk
  • 4. juni 2024
  • 1 min lesing

Laurdag 1. juni var det duka for fyrste runde med KorpsMOT på Radøy. Manger Musikklag er stolte MOT-ambassadørar, ei oppgåve me set høgt og tek seriøst. I samband med dette, har me invitert skulekorpsungdom til det me kallar for korpsMOT - ei samling der me speler saman, leikar, har fokus på kva MOT er og på korleis ein kan nytte MOT i korpset for å skape trygge og gode lag.

På denne samlinga var det ungdom frå ei rekke skulekorps, mellom anna Sæbø Skulemusikklag, Manger Skulemusikklag, Nordbygda Skulekorps og Solund Skulemusikk. Vaksne og born øvde i lag under leiing av William Grøv Skramsett. Me hadde MOT-aktivitetar, spelte basketball, fekk grillmat og hadde hentekonsert for føresette. I tillegg spelte musikantar frå Manger ein eigen liten konsert for alle som deltok. Responsen frå skulekorpsmusikantane var god og me vonar mange kjem tilbake våren 2025 til ny korpsMOT.

MML trur at MOT sine verdiar og måte å jobbe på er eit verktøy som kan vere med på å skape robust og inkluderande ungdom i skulekorpsa.

Me vil rette ein stor, stor takk til Sparebanken Vest som er med på å gjere slike tilbod mogleg. Dette er eit prosjekt som er med på å skape inkluderande og robust ungdom. I tillegg gjer slik stønad det mogleg å skape ein plass der skulekorpsmusikantar får spele og leike i lag på tvers av skulekorps og kva skule dei går på til vanleg. Me set veldig pris på hjelpa frå SPV, og gler oss til å vidareutvikle dette opplegget i åra som kjem.




 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page