top of page

Oppstartsseminar på Manger Folkehøgskule

  • sarahstrandhusk
  • 26. aug.
  • 1 min lesing

Heile MML samla seg i helga til samspel, inspirasjon og mykje godt arbeid. Me er glade for å ha Manger Folkehøgskule som samarbeidspartnar, og er takksame for å kunne gjere oppstarten heime på Manger.

Foto: Sondre Håland

Med vår faste dirigent Tormod Flaten som dirigent fekk me både tuttiøvingar og ensemblearbeid. Helga vart også krydra med storfint (inter)nasjonalt besøk:

✨ Snorre S Svenningsen, slagverkar frå Sjøforsvarets Musikkorps, jobba tett med perkusjonistane med fokus på samspel og teknikk.

✨ Jesper Juul, ein av Danmarks fremste trombonistar, gav laget nye perspektiv på oppvarming og klangarbeid.

✨ Roger Webster, den legendariske kornettisten frå Storbritannia, delte av sin unike erfaring og inspirerte med fokus på basics og gode øvingsrutinar.

✨Jesper Juul og Roger Webster jobba også med Manger Skulemusikklag heile helga og inspirerte musikantane der. MML er glade for tett samarbeid med skulekorpsa, og set pris på at ein kan dele på gode ressursar og messingpedagogar av klasse som kjem på besøk til Radøy.

Laurdag kveld vart det servert god middag og sosiale aktivitetar, og sundagen avslutta med ein inspirerande huskonsert der instrumentgruppene spelte for kvarandre.


Ei stor takk til Sparebanken Norge og Besson for stønad som gjer satsinga vår mogleg 💚


No gler me oss til sesongopninga førstkomande søndag i Manger kyrkje saman med Manger Skulemusikklag! 🎺🥁

 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page