KorpsMOT - me spelar kvarandre gode
- for 6 timer siden
- 4 min lesing
Den 14. og 15. mars var det duka for den tredje utgåva av KorpsMOT. I år delte laget seg i to: den eine gjengen besøkte Midtre Sotra Skulekorps, medan den andre reiste til Sæbø Skulemusikklag. Det vart dagar fylt med øving, leik, musikk og MOT-aktivitetar. Som ein av deltakarane oppsummerte det: «Dette var eit seminar som både gav oss musikalsk utvikling, motivasjon og eit endå sterkare samhald i korpset.»
På Midtre Sotra spelte aspirantane saman med hovudkorpset, under leiing av dirigent Aidan Smith, og øvde inn eit stykke som vart framført på avslutningskonserten. Seinare var det MOT-økt, leia av Sarah Strandhus Karlsen, med fokus på å byggje lag og på kor viktig kvar og ein er i korpset. På Sæbø stod mellom anna gruppeøvingar og MOT-arbeid på planen. Felles for begge stadene var mykje latter, leik og sosialt samvær – og ikkje minst felles måltid som ein hyggeleg pause i løpet av dagen.
KorpsMOT – eit opplegg for å spele kvarandre gode
KorpsMOT er eit opplegg der me tek med oss verdiane frå MOT og tilpassar dei til korpskvardagen. Målet er å skape ein dag der musikantar får spele saman, bli betre kjende og oppleve ekte speleglede – samtidig som me jobbar med tryggleik, mot og samhald i laget. «Det aller viktigaste er at dagen handlar om å ha det gøy – både med speling, MOT-økter og i pausane.» Ein slik dag er litt annleis enn ei vanleg seminarøving. Her er det stort fokus på samarbeid, trivsel og det å «spela kvarandre gode» – både som korps og som enkeltmusikant. Me startar gjerne med ei MOT-økt der me snakkar om kva mot eigentleg er, og korleis me kan bruke det i korpset. Gjennom dagen jobbar me med samtalar og påstandar om korps og trivsel. Det får musikantane til å reflektere over korleis dei sjølve kan bidra til eit godt miljø. Samtidig legg me inn leik og aktivitetar som styrkjer samhald og samarbeid – og som minner oss på noko heilt grunnleggjande: «me treng alle i korpset.»
Musikken står sjølvsagt sentralt. Det blir både fellesøvingar og gruppeøvingar med dyktige instruktørar, som gir tett oppfølging og gode råd undervegs. Når instruktørane sit midt i korpset, blir det lettare å få direkte tilbakemeldingar, og samspelet blir betre. Når aspirantar og hovudkorps spelar saman, skapar det både meistring og inspirasjon på tvers av alder og nivå.
Mellom øvingane er det rom for leik og sosialt samvær. I gymsalen kan både små og store delta i aktivitetar og ballspel, ofte saman med instruktørane. Det skaper mykje latter og gjer det lettare å bli kjend på tvers av alder. Som ein deltakar frå Midtre Sotra sa: «Spesielt dei yngste syntest det var veldig kjekt at instruktørane var med og deltok i leikane.»
Kvifor korpsMOT?
Kjernen i KorpsMOT handlar om å byggje lag der alle kjenner seg trygge og viktige. Å «spela kvarandre gode» betyr å sjå kvarandre, møte førebudde og bidra positivt inn i fellesskapet. Som det vart sagt under MOT-øktene: «Det handlar om at me seier hei til kvarandre, og at det er eit felles ansvar å sjå kvarandre. Når me kjenner kvarandre godt – veit kva me drøymer om, kva me treng og kva som motiverer oss – blir me også eit sterkare lag musikalsk».
MOT-ansvarleg på Midte Sotra denne helga, Sarah Strandhus Karlsen, seier følgjande om korpsMOT: «Desse dagane er heilt fantastiske å vere med på. Me får møte unge menneske som, til trass for at nokon er 7 år og nokon er 19, passar på kvarandre. Me er ærlege med skulekorpsmusikantane, og opplever tøffe og flotte ungdommar som deler tilbake. Eg leidde MOT-økta med Midtre Sotra denne helga. Me hadde ei påstandsøving der musikantane som var einige i påstanden, skulle reise seg opp. Ein av påstandane var: “Eg synest det er ukult å seie høgt at eg spelar i korps.” Ingen reiste seg, noko som sjølvsagt er veldig bra. Eg valde å dele at då eg gjekk på vidaregåande, var eg i ein periode den einaste eg visste om som spelte i korps, og eg hugsar at eg syntest det kunne vere vanskeleg og kanskje litt “ukult” å seie det høgt. Ein gut frå skulekorpset rekkjer umiddelbart opp handa og seier: “Men viss du er den einaste som gjorde det på skulen din, så er det jo du som er kul – og då er du den einaste som kan musikk!” – som jo er eit fantastisk perspektiv. Desse øktene gir oss som vaksne førebilete moglegheit til å møte skulekorpsmusikantar der dei er, vise at me jobbar for det same, og at me også tenkjer på mykje av det same som dei. Me opplever fantastiske samtalar, masse leik og stor musikkglede når Manger Musikklag, hovudkorps og aspirantar – alle spelar saman. Det er rett og slett ein berikande dag.»
Slike dagar gir meir enn berre musikalsk utvikling. Dei gir motivasjon, meistring og eit sterkare samhald. Me opplever unge menneske som tek vare på kvarandre, som tør å dele tankar og som viser mot – både på og utanfor scena.
KorpsMOT er rett og slett ein dag fylt med musikkglede, leik og viktige verdiar – der målet er at alle skal kjenne: Her høyrer eg til.






















