top of page

#LydenAvUnge

Manger Musikklag har hatt ei fantastisk veke med verka til dei 6 finalistane i komponistkonkurransen #LydenAvUnge, dirigent Trond Madsen, konferansier Torstein Aagaard-Nilsen.


Finalistane var:

Oskar Abel Valand Halvorsen - «3 satser for brass band»

Asgeir T Odsæter - «1916»

Fredrik Ertvaag - «Mélodrame»

Kolbein Eide Bukve - «Nattehimmel»

Magnus Hexeberg - «Sakral»

Torbjørn Haaland - «Waterdrops II»


Dommarar var Craig Farr, Jostein Stalheim og Camilla Søderstrøm Tveit. Dei uttala blant anna:

«Ideen og gjennomføringa var utruleg bra. Fantastisk at Manger Musikklag på nytt og på nytt stiller opp for komponistar. Alle desse komposisjonane kunne vore spelt på konsert, så det er veldig tydeleg at det er eit høgt nivå. Det har vore vanskeleg for oss å berre plukka éin vinnar. Veldig kjekt arbeid, me har brukt mykje tid med desse partitura. Det er «lett å gløyma» kor gode MML er og fantastisk korleis Trond har forma desse verka. Det er nesten som ein gløymer kva slags instrument det er eg set og høyrer på. Og det er noko av det beste, når ein berre opplever emosjonar, kontrastar og strukturar som veks til store former og bygger ned igjen. Stor takk for flotte opplevelser. Imponerande! Ei skikkeleg glede!»


Manger Musikklag ynskjer å gratulera alle med flotte komposisjonar, me er takksame for at me har fått lov til å framføre desse verka og håpar dei alle samen blir brukt i fleire anledningar.

Vinnaren vart Oskar Abel Valand Halvorsen og han får verket sitt framført i Grieghallen på Manger Musikklag sin jubileumskonsert 17. september og på Brasswind 1. oktober. I tillegg skal Norsk Noteservice utgje verket. Om verket sa juryen: «Det var eit veldig godt handverk med klare intensjonar, klar identitet, det klang veldig godt og funkar veldig bra. Det har mykje innhald som er godt formidla»

Billettar til Jubileumskonserten kan kjøpast her:

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page