top of page

Tradisjonsrik sesongopning i Manger Kyrkje

  • sarahstrandhusk
  • for 6 timer siden
  • 2 min lesing

Den fyrste konserten i ein sesong er på mange måtar litt ekstra viktig - her får trufaste følgjarar av korpset møte den nye besetninga og konserten er med på å setje standarden for heile sesongen. Endå viktigare vert konserten sidan Manger Musikklag og Manger Skulemusikklag i åresvis har heldt konserten saman - til inspirasjon for kvarandre og for å passe på at ein allereie ved sesongstart startar eit godt og tett samarbeid.

ree

Alle foto: Anne Kolstad Morken

Pangstart på ein viktig sesong

I år, som dei siste to åra, er det fast dirigent Tormod Flaten som leia MML gjennom konserten i Manger Kyrkje. Laget spelte eit variert program, som mellom anna inneheldt store, klassiske brassbandverk som "Rhapsody in brass" av Dean Goffin, marsjen "The contestor" av T. J. Powell og nyare verk som "Fanfare in iubilo" av Thomas Doss. I tillegg fekk publikum høyre solohornist Aidan Smith spele "Episode" av Peter Graham og Martine og Karoline Fjeld frå MSML spelte duetten "I believe" skrive av Eric Levisalles (arr. Reid Gilje) kompa av Manger Musikklag.

Nye medlem og ein stor takk til Martin Frantzen

Ein annan viktig del av sesongopninga er å presentere nye medlem i Musikklaget. MML har vore heldige med ein stabil og god besetning i mange sesongar, og har også denne hausten med seg mange musikantar frå førre sesong vidare. På konserten blei det retta ein stor takk til Martin Frantzen som no gjev seg i laget - han fekk ståande applaus, blomer og mykje ros. Me håpar dette berre er eit «på gjensyn» og vonar å sjå han tilbake i laget igjen.


MML er også glade for nye ansikt i rekkjene, som skal vere med på å byggje laget vidare. Nye av året, er; Niklas Kirkevik Heggernes (solokornett), Olav Øian (solokornett), Rafael Fernando Johnsen Silva (kornett - hospitant i fjor som nå vert fast medlem), Emma Kjøsen (2. kornett), Erling Dahl (1. bariton), Oda Styve Mjånes (vikar på 2. bariton fram til Trine Villanger er tilbake), Tormod Austbø Solberg (slagverk) og Gaute Lilletveit (slagverk). Me gler oss stort til den komande sesongen!

Komande høgdepunkt

MML går inn i ein hektisk sesong, med mange høgdepunkt. Det neste på planen er BrassWind, som i år vil finne stad i Åsane Kulturhus frå fredag 26. september - sundag 28. september. Meir infomasjon om dette kan ein finne her. Etter dette følgjer Siddis, der me gjer ein før-siddis-konsert på Skogen Sletta den 26. oktober. Vidare gler me oss til å spele festkonsert på Mangerfestivalen 22. november og til julekonserten - som også i år vil vere ein konsert i Manger kyrkje laurdag 13. desember og ein konsert i Nykirken i Bergen sentrum 14. desember. Informasjon om konsertdatoar og liknande finn ein her: https://www.mangermusikklag.com/konsertar


 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page