top of page

MOT på besøk!

  • for 6 døgn siden
  • 1 min lesing

Kvart år er me heldige å ha besøk frå MOT Norge som har ei MOT-økt med musikantane i MML. I år var det regionsleiar i Vestland, Anders Næs, som vitja laget på Gamle Alversund skule. Han hadde mellom anna fokus på å byggje laget, og på å opne for å invitere andre inn. Det blei både leikar og samtalar som handla om å sjå kvarandre, verte medvitne på kva gode eigenskapar me har i laget og på kva for kultur me har - er det rom for å dele og gje kvarandre tilbakemeling? MML er særs glade for at me framleis får halde fram som ambassadørar for MOT, og ser på desse øktane som ein viktig ingrediens for at laget skal verte betre. MOT-verdiane er perfekte for å byggje korps, og me trur at det er like viktig for oss som vaksenkorps, som det er for skulekorpsa me reiser til kvart år for å ha korpsMOT.

 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page