top of page
Søk

NM 2024

  • sarahstrandhusk
  • 26. feb. 2024
  • 1 min lesing

9. - 11. februar var det nok ein gong duka for NM Brass i Grieghallen. MML trakk som nummer 9 og spelte pliktnummeret "A symphony of colours" av Simon Dobson som pliktnummer fredag kveld. På laurdag var det vårt sjølvalde stykke, "Sand and Stars" av Thierry Deleruyelle som stod for tur. Det er alltid stas å spele for ein fullsett sal i Grieghallen og me vil takke alle som kom for å høre på oss desse dagane.

Foto: NMF/John Vint


Ein stor takk også til vår kunstnarlege leiar, Allan Withington, som har førebudd og leia korpset heilt frå fyrste øving og fram til NM. Me er utruleg glade og takksame for jobben Allan gjer for laget. Det heile blei premier med ein andreplass i NM. Me gratulerer Eikanger-Bjørsvik Musikklag med siger og Stavanger Brass Band med tredjeplassen i NM. No er det Festaftan med dirigent og solist Even Skatrud som står for tur. Med oss i år har me også Tor Endresen. Dette vert ein kjekk kveld som me håpar mange vil dele med oss. Billett kan du allereie no få tak i her: https://mml.ticketco.events/no/nb/m/e/festaftan_2024 Vel møtt!

 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page