top of page

Ny solo- og andretrombone i MML

Det er med stor glede me kan presentere Eivind Straume som ny solotrombone og Åshild Vetås Aagaard-Nilsen som ny andretrombone i MML frå hausten!


Eivind byrja i Manger Musikklag på andretrombone hausten 2018, etter å ha vikariert med korpset ein del allereie på våren. Han er frå Brandbu på Hadeland der han vaks opp i Brandbu skolekorps, og kom vestover i 2014 for å gå på Manger Folkehøgskule. Her spelte han i Flesland Musikklag før han byrja i MML. Eivind er ein strålande flink og positiv fyr som me er stolte av å ha med på laget, og me gler oss til å høyre mykje meir av han framover!


Inn på andretrombone kjem nok eit blad Vetås Aagaard-Nilsen, no yngstejenta Åshild. Ho er eit lokalt kjempetalent som har gått gradene i Manger Skulemusikklag og Radøy Brass, og er no klar for nye utfordringar som musikant i Manger Musikklag. Velkommen, Åshild!




Følg med på desse sidene framover for fleire nye MML-fjes.

bottom of page