top of page

Reunion på Manger


Manger Musikklag fyller som kjent 100 år i år, og som ledd i markeringa av det store jubileet var tidlegare og noverande medlemmar samla til musikalsk gjenforeningsfest på Manger Folkehøgskule 1.-3. juli. Musikantar frå fleire generasjonar møttest for å spelea saman og mimre om gamle og ikkje fullt så gamle dagar.




Musikantane vart delt inn i eit seniorkorps og eit juniorkorps som vart leia av dirigentane Tom Brevik og Thor-Arne Pedersen. I løpet av berre nokre timar på laurdag øvde kvar av korpsa inn eit variert repertoar, med mange stykke som har vore viktige i MML si historie. Samlinga vart avslutta med konsert i storsalen på sundag, og som fellesnummer hadde dirigent og æresmedlem Tom Brevik komponert ein marsj til anledninga, «Reunion mellom Bakkar og Berg».


Leiar av MML, Nils-Arne Træland, oppsummerte helga slik: «Då styret skulle planlegga jubileumsåret, ynskja vi å gje alle som har vore tilknytta Manger Musikklag gjennom åra høvet til å treffast til eit musikalsk og sosialt lag. Som alltid for MML var det viktig å gje plass til det musikalske, og vi er utruleg glade for å kunne presentere ein konsert med to fulle brassband – sjølv no i ferietida. For veldig mange er MML som ein valgt familie, og det å få høve til å samlast slik med speling, gode minne og mykje latter er ei oppleving som vart sett stor pris på.»



Jubileumsfeiringa fortsett 17. september, med stor jubileumsfest i Grieghallen med mange gjester. Kjøp bilettar her.

bottom of page