top of page
Søk

Smekkfull opning av BrassWind 2024!

  • sarahstrandhusk
  • 28. sep. 2024
  • 1 min lesing

Manger Musikklag hadde gleda av å spele opningskonserten som markerte at den tjuande utgåva av BrassWind-festivalen var i gang. Konserten fant stad i foajeen i Grieghallen, og hadde i god BrassWind-ånd, ei urframføring som fyrste stykke i konserten.


Manger Musikklag har vore eigar og drifta BrassWind-festivalen, og fekk altså æra av å opne jubileumsfestivalen i Grieghallen. Foajeen var smekkfull, og det vart framført to verk. Fyrst ut var urframføring av komponist Ingebjørg Vilhelmsen sitt nyskrivne verk «The Island of Doctor Moreau». Dette verket vart bestilte i høve jubileumsfestivalen med stønad frå Kulturrådet. Vilhelmsen fekk bestilling om å skrive eit stykke i konkurranseformat, med andre ord eit verk som skal utfordre korpset på fleire ulike måtar. For MML har dette vore eit veldig kjekt stykke å jobbe med, og alle musikantar har fått noko å jobbe med i stykket. I tillegg blei «The Corsair» av Hector Berlioz framført som eit frampeik mot konserten Bergen Filharmoniske Orkester skulle spele etter MML i Griegsalen, «Carmina Burana». BFO sin konsert denne kvelden var og ein del av det offisielle programmet til BrassWind.

MML ynskjer å takke alle som tok turen, og håpar å se mange gjennom heile festivalhelga, men også på jubileumskonserten sundag 29. september i Nykirken. Velkomne!

ALLE FOTO: Tarjei Hummelsund | Bergen Filharmoniske Orkester

 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page