top of page

Sølv i NM brass 2026!

  • for 12 minutter siden
  • 2 min lesing

Manger Musikklag kan sjå tilbake på ei stor helg i Grieghallen, der laget sikra seg ein sterk sølvmedalje under NM for brass 2026. Med to framføringar på høgt nivå leverte korpset prestasjonar dei sjølve er svært stolte av, og som vart svært godt tatt i mot i salen.

Alle foto: John Vint

– Vi er veldig fornøgde med begge framføringane våre. Musikantane viste stort engasjement, tryggleik og speleglede gjennom heile helga, seier styreleiar Marianne Bratshaug Gjertsen.


Særleg laurdagen vart ei oppleving for livet. Å spele i ein fullsett Griegsal, og bli møtt med ståande applaus etter framføringa, gjorde djupt inntrykk på både musikantar og støtteapparat. I salen var det eit stort innslag av publikum med MML-skjerf, noko som rørte musikantane og gav ekstra motivasjon på scena.


Musikklaget vart leia av dirigent David King, som gjennom sitt tydelege kunstnarlege leiarskap har vore ein viktig del av satsinga fram mot meisterskapen. Korpset ønskjer òg å rette ein stor takk til Thor-Arne Pedersen, som har spela ei sentral rolle i innøvingsarbeidet. Hans kompetanse og engasjement har vore svært verdifulle i førebuingane.


I tillegg vil laget takke styret i musikklaget, støttelaget og heia-gjengen, som gjennom heile året bidreg med ei rekkje viktige oppgåver – frå matservering og besøk på øvingar til heiing, slagverksbæring og praktisk støtte. Denne innsatsen er avgjerande for at musikklaget skal kunne prestere på høgt nivå.


Sjølv om NM no er over, ser Manger Musikklag framover mot nye mål. I tida som kjem står både inspirasjonsseminar og MOT-dagar på planen. Samstundes har arbeidet fram mot EM allereie starta. Meisterskapen vert arrangert i Linz, og laget gler seg til å representere Noreg på den internasjonale scena.


Sølvmedaljen i NM er eit resultat av langsiktig arbeid, sterkt samhald og eit stort støtteapparat – og gir viktig inspirasjon på vegen vidare mot nye musikalske høgder.


 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page