Vil du spele i Manger Musikklag?
- for 1 døgn siden
- 1 min lesing

No lyser me ut ledige plassar for sesongen 2026/2027 på følgjande instrument:
📍Eb-kornett
📍Bb-kornett
📍Horn
📍Bariton
Manger Musikklag er eit engasjert og målretta lag med høgt musikalsk nivå og eit svært godt sosialt miljø. MML eig og driv BrassWind-festivalen og er nasjonale MOT-ambassadørar. Me øver kvar tysdag kveld på Gamle Alversund skule, og gjennom sesongen har me eit høgt aktivitetsnivå med mange spanande prosjekt. Den komande sesongen byr mellom anna på:
🎶 Deltaking i Siddis Brass
🏆 Norgesmeisterskap for brassband (NM)
🥳 Festaftan
🇸🇪 Tur til Sverige
- og mykje anna kjekt!
I Manger Musikklag vil du få musikalske utfordringar, gode opplevingar på scena og eit inkluderande miljø med musikkglede og kvalitet i sentrum. Tenker du at dette kan vere noko for deg? Send nokre ord om deg sjølv til: marianne.gjertsen@mangermusikklag.no så vil du få info om vidare prosess der.
Me gler oss til å høyre frå deg🎺






