top of page

Håvard Skutle ny leiar i MML


Årsmøtet til MML vart halde tysdag 28. mars, og her vart Håvard Skutle valt som ny leiar for Manger Musikklag. Han tek over etter Nils-Arne Træland som har hatt denne rolla sidan 2009.

Me takkar Nils-Arne for ein framifrå jobb og me er djupt takknemlege for arbeidet han har lagt ned i MML. Det er ingen tvil om at korpset har nytt svært godt av hans klarsyn og tydelege leiing i løpet av desse åra. Vidare har Håvard har vore i styret i MML sidan 2010 og me gler oss til fortsetjinga med han i spissen for MML sin organisasjon.

På årsmøtet vart også Birgitte Bjørnsdatter Bruget vart også valt inn som styremedlem.

Det nye styret i Manger Musikklag er:

Håvard Skutle - leiar

Even Skulstad - styremedlem

Martin Frantzen - styremedlem

Marthe Storemark - styremedlem

Birgitte Bjørnsdatter Bruget - styremedlem

Astri Anne Svidal Dagestad - styremedlem

Margie Sutherland Antrobus - varamedlem

Jostein Birknes - varamedlem

bottom of page