top of page

Lukke til i EM, EBML!


EM for brassband går av stapelen i Oostende i Belgia denne helga, og me ønskjer våre gode vener og naboar i Eikanger-Bjørsvik Musikklag LUKKE TIL!

EBML med dirigent Ingar Bergby skal i elden i Kursaal saman med 11 andre korps, og fullstendig oversikt over alle desse og annan relevant informasjon om konkurransen finn du på EBBC 2017 sine nettsider. Dei av oss som ikkje er i Belgia kan følgje sendinga frå salen direkte via Brassbanned.com, i tillegg til at blant andre 4barsrest.com har ei svært brei dekning av konkurransen gjennom sine kanalar. På søndag går også EM for skulekorps av stapelen i Oostende, og både Manger skulemusikklag og Tertnes skoles musikkorps representerer Norge her. LUKKE TIL!! Meir informasjon om denne konkurransen finn du her.

Då er det berre å krysse fingrane!

EBML, MSML og TSM under Før-EM-konserten i Håkonshallen i Bergen. Foto: Anne Kolstad Morken

Foto: Anne Kolstad Morken

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2024 Manger Musikklag

bottom of page