«December» i oktober

October 12, 2017

Lansering av Manger Musikklag si nye jule-CD.

Denne veka førebur dei engelske korpsa seg til det britiske meisterskapet i brassband som kjem på laurdag. Denne dagen skal samtlige korps presentere «Gallery» av Howard Snell. Men dei er ikkje dei einaste som presenterer ny musikk denne helga. 21.23. april var Manger Musikklag i studio saman med dirigent Allan Withington og spelte inn julealbumet «December». No er plata her!

 

Denne CD-en er noko Manger Musikklag har ynskja å gjennomføre i fleire år. Julerepetoaret til CD-en er samla frå konsertserien, som har gått over fleire år, i tillegg til nokon små overraskingar.

 

Gjennom denne konsertserien har korpset også vore heldige med å kunne samarbeide med dyktige gjestesolistar. Gjestesolist på denne plata er ingen ringare enn sopranen Lydia Hoen Tjore frå Sæbø. Lydia har vore tett knytta til Manger Musikklag som songsolist frå ung alder fram til idag, så det er stor stas for MML at det er akkurat Lydia som er gjestesolist på dette albumet. 

 

Manger Musikklag ynskjer å takke temaet i World of Sound for produksjonen av CD-en, samt Allan Withington for planlegging- og gjennomføring av innspelinga. Me håper du set pris på musikken. God fornøyelse!

Denne CD-en kan du kjøpe via:

 

Manger Musikklag (150,-) 

Sørvistorget på Manger

World of Brass

 

 

Please reload

Utvalgt innlegg

Vil du spele i Manger Musikklag?

April 30, 2019

1/5
Please reload

Siste innlegg

April 1, 2019

March 25, 2019

February 28, 2019

February 9, 2019

December 31, 2018

November 16, 2018

Please reload

Arkiv
Please reload

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White Twitter Icon
  • White YouTube Icon

Bankgiro:

Vipps:


Org. nummer:

3636 50 24078
 

95263


984580045

© 2019 Manger Musikklag