Den andre debuten


Vel 9 år etter at Joe Cook slapp sitt første soloalbum, «Debut», akkopagnert av Black Dyke Band, slepp Joe sitt andre album, passande nok med tittelen «Debut 2».

Våren 2015 flytta Joe frå England og til Norge. Like etter hadde han sitt første møte og sin debut med Manger Musikklag. I løpet av si tid i MML utpeika Joe seg kjapt som ein eksepsjonell utøvar og har vore ein svært positiv forsterking i MML, i tillegg til å vere ein svært triveleg kar.

Joe seier sjølv om albumet sitt at han ser på det som ein fin moglegheit til å dele noko av det meir ukjende repetoaret for solotuba med resten av verda. Spesielt har han sett pris på å jobbe med unge, engasjerte komponister og arrangørar, både i og utanfor MML. Du finn også eit verk av ein av gigantane innan brassbandlitteraturen, som ikkje har vore spelt inn tidlegare, nemleg Derek Bourgeois sin Tuba Concerto No. 2.

Manger Musikklag er stolte av å kunne ta del i denne innspelinga. Det er også ekstra stor stas er det at medlemma i MML tek er med på fleire av ensemblestykka, som Vegard og Sondre i tubakvartetten til Roger Payne, "Suite in Blue" , saman med Kristian Grotle frå Eikanger-Bjørsvik Musikklag, medan Tina sitt meisterlige arrangement av Nat King Cole sin "Nature Boy" også har ein naturleg plass på dette albumet.

«...the highlight of the whole disc for this listener is the arrangement of the Nat King Cole song Nature Boy. The setting by Tina Kvamme shows great imagination and uses the band sound resources (and some vocals) to a quite amazing effect, and this is matched by some gorgeous playing from the soloist».

David Thornton – Brass Band World

Den fulle omtalen til Brass Band World kan du lese her.

Denne solo-CD får du kjøpt hjå World of Brass.


Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White Twitter Icon
  • White YouTube Icon

Bankgiro:

Vipps:


Org. nummer:

3636 50 24078
 

95263


984580045

© 2020 Manger Musikklag