Eit av dei store høgdepunkta for haustseseongen er rett rundt hjørnet
Laurdag 4. november går underhaldningskonkurransen Siddis Brass av stapelen i Stavanger konserthus, og MML med dirigent Martin Winter er no i gang med dei siste førebuingane til denne. 28. og 29. oktober har me øvingshelg på Manger og på søndag kl 17.00 vert det konsert i Radøyhallen der me framfører heile programmet vårt for første gong.

Dette er:
"Mountain Dance" - Dave Grusin
"Horn of Puente" - Gordon Goodwin
"Cortége" - Martin Winter
"Funny S.A. Stuck in Transit" - Idar Torskangerpoll
"Icicles" - Anne Grete Preus
"Beaucoup" - Simon Philips / Trilok Gurtu
Vel møtt på "Før-Siddis-Konsert" i Radøyhallen førstkomande sundag (29. oktober) kl 17.00! Gjestar på denne er Manger Skulemusikklag og Haukås Musikklag.
Viss du ikkje skal til Stavanger og oppleve Siddis kan du heldigvis også fylgje både konkurransen, festkonserten og premieutdelinga på TV2 Sumo.
Manger Musikklag, dir. Martin Winter
Stavanger Konserthus, Fartein Valen
Laurdag 4. november kl. 18:20