top of page

NM-sølv til Manger Musikklag


Nok eit NM er over og Manger Musikklag hevder seg nok ein gong i toppen av NM Brass.

I byrjinga av februar kom eit av årets høgdepunkt, norgesmeisterskapet i Grieghallen. Saman med dirigent Peter Sebastian Szilvay og Martin Winter har korpset førebudd seg gjennom januar månad mot dei to framføringane i Bergen si storstove. Me gratulerer vore gode vener i Eikanger-Bjørsvik Musikklag med NM-gull og billett til EM i Montreux i 2019!

Foto: 4barsrest.com

Årets pliktnummer er skrive av ein gamal kjenning av Manger Musikklag, nemleg Manger-baserte Torstein Aagaard-Nilsen. I høve europameisterskapen i brassband i 2003 skreiv han verket "Aubade - Dawn Songs of the Faboulous Birds" der han tar for seg mytiske fugler og andre fabeldyr. MML sitt sjølvvalde verk var Philip Sparke sitt verk "Raveling, Unraveling - In Search of La Valse". Verket tar for seg Maurice Ravel sin "La Valse". I komposisjonen leikar Philip seg med hint og spor av valsen og kombinerer dette på lekkert vis før ein får høyre "La Valse" i brassbanddrakt.

Det heile blei krona med to strålande framføringer, Korpset er godt fornøgd etter å ha gjennomført to flotte konsertar i Grieghallen, som fanga interessen til både korps og publikum. Sjølv om korpset sikta på den øverste plassen på er me godt nøgde med sølv i eit NM med rekordhøgt nivå! Me kjenner oss audmjuke og stolte over å få jobbe saman med kvarandre, med dirigenter på toppnivå og kunne skape musikk saman.

Framføringa av det sjølvvalde verket saman med dirigent Peter Szilvay framfor ein fullsatt Grieghall blei belønna med flotte 97p og ei strålande mottaking frå publikum. Me er utruleg stolte over den flotte tromboneseksjonen vår som også stakk av med gruppeprisen i elitedivisjonen! Ein stor gratulasjon til Birgitte, Christian og Gabriel.

 

Resultater elitedivisjon

1. Eikanger Bjorsvik Musikklag (Ingar Bergby): 98/99 = 98.5 2. Manger Musikklag (Peter Sebastian Szilvay): 96.5/97 = 96.75 3. Stavanger Brass (Allan Withington): 95/96.5 = 95.75 4. Oslo Brass (Robert Solberg Nilsen): 96/93.5 = 94.75 5. Bjorsvik Brass (Andreas Hanson): 93/95.5 = 94.25 6. Tertnes Brass (Martin Winter): 94/94 = 94 7. Jaren Hornmusikkforening (Florent Didier): 91/94.5 = 92.75 8. Molde Brass (Russell Gray): 92.5/92.5 = 92.5 9. Krohnengen (Prof Nicholas Childs): 92/92 = 92 10. Kleppe Musikklag (Philip Hannevik): 90/91 = 91.5

Full resultatliste finn du her.

 

Videoopptak frå samtlige divisjoner på NM finn du her. Lydopptak er tilgjengeleg på Spotify og for kjøp via Grong Musikkproduksjon.


bottom of page