top of page

Strålande helg på Oslo Brassfestival


27. og 28. april deltok MML på Oslo Brassfestival (OBF), og gjekk til topps i konkurransen for andre gong

Korpset fekk også med seg gruppeprisane for horn, euphonium/baritone, tuba og slagverk. Dirigent for MML på prosjektet var Joseph Cook, og han leia korpset gjennom dei to konsertane som OBF er; kyrkjekonserten fredag kveld i Kulturkirken Jakob, og underhaldningskonserten i Rockefeller Music Hall laurdag kveld.

Me er svært imponerte over festivalen som Oslofjord Brass har sett i gong, som med sine to konsertar og særeigne dommarsystem har etablert seg som eit unikt og svært triveleg tilskot i brasskalendaren. Me gler oss til å komme tilbake ein annan gong, og anbefalar rett og slett OBF på det varmaste!

Til slutt takkar me Joe for samarbeidet, og ikkje minst vikarane Eivind Straume (trb), Ida Skauge Hjelmeland (korn) og Øystein Berentsen (Bb-tuba) for strålande innsats!


bottom of page