top of page

MML på Festspillene i Bergen 2018!


MML med dirigent og komponist Allan Withington er med på Festspillprogrammet for 2018 med den musikalske teaterforestillinga "Nr. 5".

Allan Withington, dirigent for MML på dette prosjektet, har komponert ei musikalsk og særdeles underhaldande forestilling om livet til ei av dei mest ikoniske kvinnene nokonsinne; Coco Chanel.

Det er ei stor ære for oss å vere ein del av programmet til Festspillene i Bergen i år, og me vonar du får dette med deg!

Forestillinga går to gongar under festivalen, men berre éin gong for ordinært publikum:

  • Laurdag 26. mai kl 16.00 i Fana Kulturhus. Den andre forestillinga er reservert born i skulealder.


bottom of page