top of page

Sesongstart!

  • Forfatterens bilde: Brynjar
    Brynjar
  • 6. sep. 2018
  • 1 min lesing

Etter ein vellukka og svært triveleg oppstart med helgeseminar i Samnanger og sesongopning i Manger kyrkje saman med Manger Skulemusikklag, er den 96. sesongen til Manger Musikklag godt i gong.

Den første øvinga til MML etter sommarferien var i Haukås Musikkhus tysdag 14. august der det vart mange gledelege gjensyn etter ein god ferie, i tillegg til at me endeleg vart betre kjent med dei seks nye musikantane som har begynt i korpset i år. Oppstartseminaret var i vakre Samnanger 24.-26. august der me fekk god tid til å spele oss saman, både på fellesøvingar og i mindre ensembler på tvers av instrumentgruppene i korpset.

Sjølve sesongopninga var heime på Manger i kyrkja den 2. september saman med både det nystarta Juniorkorpset til Manger skulemusikklag, og hovudkorpset deira; begge leia av dirigent Thorgeir Thunestvedt. Det er ingen tvil om at det vert lagt ned ein fenomenal jobb i MSML på alle frontar, og det er dessutan knallsterkt av skulemusikken å vere konsertklare allereie i byrjinga av september!

Vår faste dirigent Martin Winter leia MML gjennom vår avdeling på konserten, der publikum fekk servert eit variert program med solistar frå korpset, ulike ensembler, hovudverket og klassikaren "Spectrum" av Gilbert Vinter, med meir. Me sender ei stor takk til Manger Skulemusikklag som ville vere med oss på konsert, og til alle dei som kom og var med oss i Manger kyrkje denne ettermiddagen. Med det seier me godt nytt korpsår!

Neste prosjekt for Manger Musikklag er BrassWind-festivalen. Vår dirigent på dette prosjektet er Bjørn Sagstad.


 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page