Brass in Concert neste!


Denne helga vender Manger Musikklag nasene vestover mot Newcastle og storslegne The Sage Gateshead for å delta på underhaldningskonkurransen Brass In Concert

Konkurransen vert arrangert for 42. gong, og går i salen Sage One på søndag. MML speler som korps nummer 8 av 12 i løpet av ettermiddagen og skal opp i mot både britiske og amerikanske brassband her. I tillegg til å delta på konkurransedelen av BiC skal me også spele konsert i The Sage laurdag ettermiddag i samband med festkonserten til Youth Brass In Concert, klokka 17.00 lokal tid. I dette konsertprogrammet har me lagt stor vekt på norsk musikk i ulike former, med musikk som i all hovudsak er arrangert eller komponert av norske komponistar. Martin Winter dirigerer begge konsertane våre denne helga. Me gler oss! 4barsrest sine nettsider følgjer BiC tett på sine nettsider, i tillegg til at både British Bandsman, Brass Band World og andre er aktive på Twitter. Følg emneknaggen #biclive2018

Me deler fortløpande frå turen både gjennom både Facebook og Instagram:  @mangermusikkag


Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White Twitter Icon
  • White YouTube Icon

Bankgiro:

Vipps:


Org. nummer:

3636 50 24078
 

95263


984580045

© 2020 Manger Musikklag