top of page

Siger på Oslo Brassfestival


MML vann elitedivisjonen, fekk gruppepris for både trombonar og slagverk, i tillegg til at Torstein T. Holmås fekk solistprisen under årets festival

Etter ein ekstra hektisk fredag på grunn av flystreik var det godt å kome fram i Oslo fredag kveld. Dei siste musikantane som kom kjørande over fjellet på fredag var faktisk ikkje framme før det var minuttar att til korpset skulle på scena, og me rettar ei STOR takk til Kleppe Musikklag som kunne bytte speletid med oss!

Me gratulerer vertskorpset Oslofjord Brass med nok ein strålande festival, og anbefalar alle til å ta turen på denne! Me rettar også ei stor takk til Joseph Cook som dirigerte MML på dette prosjektet. Resultata vart:

1. Manger Musikklag / 223 poeng

2. Kleppe Musikklag / 215 poeng

3. Sandefjord Brass Symposium / 179 poeng

4. Oslofjord Brass / 170 poeng

5. Montebello Brass / 161 poeng

6. Uffes Blås Brassband / 144 poeng


bottom of page