top of page

Flott julekonsert med Trond Husebø


Tradisjonen tru hadde MML konsert heime på Manger like før jul, denne gong tredje søndag i advent

Konserten var godt besøkt og publikum fekk både servert gløgg og eit heilstøpt juleprogram med både velkjend og heilt ny musikk. Det er ei stor glede for oss at julekonserten vår har blitt til ein fin tradisjon for både oss og alle andre i heimbygda vår.

Denne konserten var MML sitt første samarbeid med den svært dyktige dirigenten Trond Husebø som leia oss gjennom konserten med ei stødig hånd, og me kan ikkje seie anna enn at me gler oss til neste gong me møtest! Dette vert på vår konsert under BrassWind-festivalen i Bergen i september 2019. God jul og godt nyttår frå oss i Manger Musikklag!


bottom of page