Besetning i MML sesongen 20/21

Manger Musikklag er endeleg i gang med ny sesong, og me er glade for å få spele i lag igjen. Ny sesong tyder også nokre nye fjes og små endringar i besetninga i MML.


Me har allereie kunngjort at Eivind Straume er ny solotrombonist i MML og at Åshild Aagaard-Nilsen skal spele andretrombone. Nytt denne hausten er og at Kristine Brennesvik-Karlsen går frå solokornettplass til flugelhornplassen.

I tillegg ynskjer vi hjarteleg velkommen til følgjande medlem:

Kjetil Morken gjer comeback på sopran denne hausten. Han har vore medlem ved fleire høve og gjennom mange år tidlegare, og me er veldig glade for å ynskje han velkommen tilbake!


Frida Solberg Ellingsen byrjar på solokornett i MML. Ho har tidlegare spelt i Krohnengen Brass Band, Kleppe Musikklag, Brisbane Excelsior Band og Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Me er veldig glade for å få Frida på laget og ynskjer ho varmt velkommen!


Agnes Fjermestad skal i år spele andrebariton i musikklaget. Ho steppar inn som vikar for Trine Villanger som har ei pause denne sesongen. Agnes har tidlegare spelt i Flesland Musikklag. Me set veldig pris på at ho vil vere med på laget denne sesongen. Varmt velkommen!


Ole-Andreas Førde startar på Bb-tuba i Manger Musikklag denne hausten. Han har tidlegare spelt tuba i mellom anna Kleppe Musikklag og utdanna seg til å bli komponist og dirigent. Ole-Andreas er eit tilskot me set veldig pris på, og me ynskjer han varmt velkommen!


Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White Twitter Icon
  • White YouTube Icon

Bankgiro:

Vipps:


Org. nummer:

3636 50 24078
 

95263


984580045

© 2020 Manger Musikklag