top of page

Postkort frå BrassWind 2021

Endeleg festival att!

Etter at BrassWind-festivalen vart avlyst grunna Covid-19 i 2020 var det ei stor glede å kunne arrangere BrassWind festivalen 2021, utan restriksjonar. Festivalen gjekk av stapelen fyste helga i oktober i Lungegaarden Arena på Minde i Bergen.


BrassWind er ein festival der konsertinnhaldet er retta mot ny musikk for korps og ensembler. Under festivalen møtest windband, brassband og ensemble, der flinke, engasjerte amatørar og skulekorpsmusikantar møter profesjonelle utøvarar, dirigentar og komponistar under same tak. På årets festival fekk me heile 15 urframføringar, og programmet var svært variert med alt frå profesjonelle ensambler og solistar til amatørkorps, skulekoprs og musikkstudentar.




MML spelte opningskonserten på fredagen og vart dirigert av Maria Molund. Dette var eit nytt og hyggeleg bekjentskap. På konserten urframførte laget blant anna eit stykke av vår eigen Jonas Puntervoll, i tillegg til eit bestillingsverk av Craig Farr – The Abusement Park. Dette stykket framheva slagverksgruppa, og dei fekk verkeleg kjørt seg!

På festivalen i år fekk me verkeleg sett breidda denne festivalen har; profesjonelle korps og ensembler i skjønn foreining med amatørkorps og skulekorps som presenterte ny og spennande musikk for kvarandre tre dagar til endes. I løpet av helga kunne ein dessutan slå fast at BrassWind-festivalen har vore vert for i overkant av 130 urframføringar sidan oppstarten i 2004. Sterkt!


BrassWind 2022 vert arrangert i Åsane Kulturhus 30. september – 2. oktober. Sundagen på festivalen vert det planlagt Barnas BrassWind- meir info om dette kjem til våren.


Vidare lesing:



Festivalprogrammet var:


bottom of page