top of page

Festaftan 2023


Festaftan 2023 i Radøyhallen på Manger vart ein braksuksess! Med fleire hundre menneske i salen, Even Skatrud som dirigent og trombonesolist, songarane Linn Merethe Myrtveit, Maria Urhaug, Eva Karin Klausen og Manger Musikklag på scena, låg alt til rette for at dette skulle verte ein festkveld av dei store. Manger Musikklag spelte to avdelingar saman med songarane og solistar frå eigne rekkjer. Det vart spelt alt frå slagerar som «Can’t take my eyes off you», «Heksedans» og «Feeling good» til nye arr for brassband der publikum mellom anna fekk servert ein 80-tallsmedley. Ein seier jo ingen nemnt, ingen gløymt, men her er fleire me må nemne litt ekstra likevel: Ronny Vetås, Brynjar Mjanger Eide og Martin Frantzen. Desse tre har gjort ein framifrå innsats for at kvelden skulle bli bra for alle. Her er det lagt ned timar med planlegging og jobbing. Denne kvelden hadde ikkje vore det same utan dykk – ei stor takk igjen frå alle i Musikklaget. Manger Musikklag ønskjer å takke fleire også. Ei stor takk til Even kruse som leia oss gjennom kvelden. Ei stor takk til Linn Merethe, Maria og Eva som song så vakkert. Ei stor takk til alle som jobba med lyd og ljos. Ei stor takk til YX Manger som stod for sal av mat. Ei stor takk til alle frivillige som har hjelpt med rigging, sal av billettar og som stod i baren. Ei stor takk også til Anne Morken som tok flotte bilete frå kvelden.

Alle foto: Anne Kolstad Morken


bottom of page