top of page
Søk

Festaftan 2024

  • 044398
  • 11. apr. 2024
  • 1 min lesing
Even Skatrud og Manger Musikklag. Foto: Anne Kolstad Morken

300 menneske tok turen til Radøyhallen for å høyra Manger Musikklag saman med dirigent og trombonesolist Even Skatrud og sjølvaste Tor Endresen som hadde med seg bassist Kai Taule. På kvelden satte DJ Torbjørn Mjøs i gang dansegolvet og det vart dansing til langt på natt.

Det blei spelt 3 avdelingar på konserten og me hadde slagarar som «Moon River», «Tails of the Unexpected» og Hercab. Tor Endresen song store hitar som «Cafè le Swing», «Come Fly with Me» og fekk endeleg framføre Tarzansongen «You’ll be in my Heart» live.


Tor Endresen. Foto: Anne Kolstad Morken

Me må gi ein stor takk til fotograf Anne Morken for nydelege bilete, Ronny Vetås som er hjernen og hjartet bak heile arrangementet, YX Manger som stillar med grill og mat til folket, Terzz lyd for flott hjelp med lyd og lys. Og ikkje minst til våre sponsorar Sparebanken Vest og Hagel AS, utan deiras økonomiske støtte hadde me ikkje kunne gjennomført.


Datoen for FESTAFTAN 2025 er 15. mars, sett av kvelden i kalenederen allereie no!


 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page