Manger Musikklag tok med seg både siger i elitedivisjonen og underhaldningsprisen heim til Manger

Underhaldningskonkurransen Siddis Brass gjekk av stapelen i Stavanger konserthus laurdag 6. november, med om lag 60 deltakande korps i fem ulike divisjonar. Siddis vart arrangert for 38. gong, og har for lengst etablert seg som ein solid arena for nyskapande underhaldningsmusikk for brassband.
Dette var den fyrste konkurransen MML har delteke på sidan NM 2020, så det var fantastisk oppleving å omsider få stå på ei stor scene og framsyne programmet vårt for eit stort publikum att.
Programmet vårt var nyskrive av vår faste dirigent, Martin Winter. Han baserte sine fem verk på arbeidet til den britiske barokkomponisten Henry Purcell, som Martin Winter har arrangert og fletta inn i Sigmund Freud sitt banebrytande verk "The Interpretation of Dreams" i. Programmet fekk namnet PURCELL’S COLOURFUL DREAMS, og MML si framsyning vart tatt veldig godt i mot av både publikum og dommarar.

MML vart løna med både underhaldningspris og siger i Elitedivisjon med 98 poeng på speling og 10 poeng på program, og vann då med eitt poeng framføre heimefavoritten Stavanger Brassband, og våre gode naboar Eikanger-Bjørsvik Musikklag som kom på 3. plass.
Fullstendig resultatliste finn du her: http://www.siddisbrass.no/resultater/ , og opptak frå direktesendinga finn du her: https://brasspass.inplayer.com/
