top of page

Komponistkonkurransen #lydenavunge

I høve Manger Musikklag sitt 100-års jubileum i 2022,inviterte korpset hausten 2021 unge komponistar under 25 år til å melde seg på #lydenavunge, MML sin eigen komponistkonkurranse. Vinnaren får stykket sitt urframført på Manger Musikklag sin jubileumskonsert i Grieghallen laurdag 17.september 2022, og stykket vert også framført under BrassWind-festivalen 2022, Manger Musikklag sin eigen festival for ny musikk. Vinnaren får ein pengepremie på 30.000kr og får dessutan verket sitt publisert av Norsk Noteservice.


Påmeldingsfristen var 1.januar og det var svært gledelig for oss at det er heile 27 deltakarar som er påmelde!


Frist for innlevering er 1.mai. Av desse stykka går 5 verk vidare til ein finalerunde 26.mai, der verka vert framført av Manger Musikklag for eit dommarpanel beståande av Craig Farr, Jostein Stalheim og Camilla Søderstrøm Tveit, som saman kårar ein vinnar.


Me takkar audmjukt for interessa og gler oss til å høyre resultata!




bottom of page