top of page

Mangnitude

Styret i Manger Musikklag ynskte å markera jubileet på ulikt vis. Markering på sjølve 100-årsdagen 22. april 2022, ynskjekonsertar for publikum, gjenforeining, bokslepp, festførestilling i Grieghallen i september 2022, og ein jubileums-CD.


Målet var å laga ein trykt CD til utdeling under jubileumskonserten i Grieghallen den 17. september 2022 og samstundes få musikklaget promotert på nett. Valet falt då på World of Sound (heretter WoS) og brassband-platformen deira Wob-play.

LP-en ALTITUDE (1982) og CD-ane CIRCIUS (1990), THE BINDING OF THE WOLF (1995),

GRAFITTI (2002) og TRIBUTE (2003) blei no digitaliserte.


Ideen var at alle som fekk CD-en mellom hendene skulle finna noko som dei hadde gløymd og som dei gleda seg til å høyra igjen. Samstundes ynskte me å framheva både solistar, dirigentar, komponistar og arrangørar som har betydd mykje for laget og den musikalske utviklinga til det.

Namnet og design

Namnet til CD-en var Ida Hjelmeland sitt påfunn; eit openbert og herleg ordspel på Manger, magnitude (som på engelsk har fleire tydingar som passar ein 100-åring og historia hans; betydning, omfang, storheit med meir) og Altitude (LP-en frå 1982).

Viktigheita av Altitude (både LP-en og verket) var enorm for MML i si tid, og eit av laget sine æresmedlemar, Torstein Aagaard-Nilsen, kunne mellom anna fortelja at berre omslaget åleine skapte furore i England. Her var futuristisk samtidskunst av den lokale kunstnaren Kåre Håland i staden for eit konstruert korpsbilete.


Musikken var også banebrytande og starta på mange måtar samtidsmusikk-eventyret for Manger Musikklag. Den er i dag ein særs stor og viktig del av MML med samtidsmusikk-festivalen BrassWind, og CD-utgjevingar som byggjer opp under dette.

Designet på Altitude-plata vart re-designa av Anne Kolstad Morken til denne utgjevinga.

Resultatet (med eit grønleg skjær frå det originale blå, samt den nye tittelen med gamal font), vart heilt eineståande og betre enn nokon kunne sett føre seg på førehand.

CD-en sitt innhald

Me starta med mange nok spor til seks CD-ar, lista med musikk vart stadig korta ned til eit mindre utval, heile tida med viktige dirigentar, epokar, solistar og så vidare i tankane.

Samstundes måtte ein freista å finna verk som både representerte laget på ein god måte, passa inn i eit variert program for lyttarane, samt hadde tilstrekkeleg historisk tyngd til å konkurrera ut minst like gode spor i same sjanger.


Etter eit lite år med hardt arbeid hadde komiteen, i slutten av mai 2022, klart å finna den endelege versjonen av MANGNITUDE; ein dobbel-CD med 27 spor stappfull med historie, tyngd og kvalitet.


Alt saman på godt og vel 2,5 timar. Her er musikk frå ein LP, fire CD-ar, fire konkurransar og to konsertar, 17 komponistar, 8 arrangørar, 10 ulike dirigentar og 12 tidsepokar. Musikken strekkjer seg frå laget sin fyrste produksjon i 1982 til laget si siste konkurranseframføring før dei gjekk inn i jubileums-sesongen. ( Den vart forøvrig premiert med siger i Siddis Brass 2021).

Dobbel CD-en kan ein kjøpa via heimesida til Manger Musikklag eller på konsertane våre. Den er også tilgjengeleg på nettet, på plattforma WoB-play i form av strøymingsabonnement.


Me er stolte og nøgde med resultatet og vonar at alle som vil, lyttar til MANGNITUDE med glede, som me meiner representerer essensen av Manger Musikklag si reise. Ei 100 år gamal historie famnar eit stort omfang hendingar, milepælar, og tusenvis av konsertar. At laget har hatt ei enorm tyding for veldig mange menneske (både musikantar, dirigentar, støttespelarar og publikum), er det ingen tvil om. Historia til MML som forvaltar av eit frivillig lag i 100 år, vitnar om noko stort og heilt spesielt.


Ein stor takk til Ida Hjelmeland, Espen Haukås og Bent Erik Røed!



Commentaires


bottom of page