top of page

Michael Antrobus

  • sarahstrandhusk
  • 18. apr. 2023
  • 1 min lesing

I dag hadde Michael Antrobus fylt 80 år, og me minnast han med takksemd og glede. Michael har stor skuld i at brassbandrørsla i Noreg er så sterk som ho er. Som lærar på Manger Folkehøgskule, og dirigent for Manger Musikklag og mellom anna Eikanger-Bjørsvik Musikklag, Stavanger Brassband, Tertnes Brass og Oslofjord Brass har han vore til inspirasjon for fleire generasjonar med brassbandarar i heile landet. I 2002 vart Michael tildelt æresmedlemskap i Musikklaget for det store arbeidet han gjorde medan han var hovuddirigent. Korpset hadde ein enorm positiv utvikling i denne perioden, og Michael var med å forme profilen til MML og er grunnen til at korpset framleis har eit stort fokus på å spele nyskriven musikk for brassband.


Diverre mista me Michael så alt for tidleg. I 2016 var reisa hans slutt, men i dag ville han altså fylt 80 år. Me sender difor ein gratulasjon og eit takk til Michael, og varme tankar og kjærleik til familien hans.

ree

ree

 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page