top of page
Søk

MML-arar i 4barsrest sitt Band of the Year

  • Forfatterens bilde: Brynjar
    Brynjar
  • 31. des. 2021
  • 1 min lesing

Oppdatert: 2. feb. 2022

Nettstaden 4barsrest.com sitt årvisse prisdryss er i gang



Det har blitt ein tradisjon at den britiske brassband nettstaden 4Barsrest har fleire kåringar for band, dirigentar og musikantar i romjula – der ein ser tilbake på året som har gått og dei prestasjonane som er blitt lagt merke til rundt om i brass-verda.


MML var nominert i kategorien Band of the Year, vår konsert på Siddis Brass vart nominert som Contest Performance of the Year, og vår faste dirigent, Martin Winter, var dessutan nominert i kategorien for Conductor of the Year. Dessverre gjekk ingen av desse nominasjonane heilt til topps denne gongen, men fleire av våre medlemmer vart plukka ut til 4BR sitt Band of the year, der dei set saman eit internasjonalt draumeband ut frå dei prestasjonane som har vore i året som har gått.


Her vart Martin Winter valgt som dirigent, saman med Arsene Duc. ‘‘We give the second over to Martin Winter, an Englishman who has embraced everything about Norwegian musical life and then added pinch of entertainment inventiveness very much of his own to boot’’.


I horngruppa finn me Aidan Smith. 4BR skriv ‘‘Aidan Smith has become a fulcrum of excellence at Manger – unflappable and refined at every turn’’.


På slagverk vart heile MML si slagverksgruppe plukka ut (Richard Vetås, Martin Frantzen, Torgrim Halse, Valerian Leutkawäger & Marie Reigstad). 4BR si grunngjeving: ‘‘We’ve picked the team from Manger to add all the sparkle and brilliance. Their ensemble as well as individual playing in helping their band win the Siddis title this year was incredible’’.


Me er superstolte av både musikantar og dirigent!






 
 

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page