NM brass er avlyst, men...

Det blir konsert likevel!


Laurdag 12. februar kl. 16:00 kan du få høyre både Eikanger-Bjørsvik, Krohnengen Brassband og Manger Musikklag på konsert i Grieghallen. Me veit det er mange som brenn inne med både urefunderbare flyreiser og hotellrom denne helga, så er du i Bergen, er det berre å ta turen.


Det er lenge sidan brassbandfamilien var samla, så me håpar på at retningslinene for arrangement vert endra litt innan konsertdatoen, slik at me også kan samlast for sosialt samvær i foajéen etter konserten.


Eikanger-Bjørsvik vert dirigert av Reid Gilje, Krohnengen Brassband av Nick Childs, og Martin Winter leiar Manger Musikklag.

Konferansier er Stein Skorpholm


Billettprisar:

Vaksne: 200,-.

Born/studentar/honnør: 150,-

(inkl. avgift)

Kjøp din billett her:

https://www.ticketmaster.no/event/683373