Helga 7.-10. februar var det duka for NM Brass 2025, der Manger Musikklag stilte i elitedivisjonen under leiing av dirigent og kunstnarleg leiar, Allan Withington. Konsertane hausta høge poengsummar og MML drog sigeren i land. Musikklaget kan endeleg kalle seg for noregsmeistrar igjen!

Fredag 7. februar var det klart for pliktnummeret i elitedivisjonen, som i år var stykket "Catharsis" av Kjetil Djønne. MML trakk til å spele som nummer 9, og var på scenen i Grieghallen seint fredag kveld. Laurdag var det sjølvvaldstykket "A Gabrieli Fantasy" av Bert Appermont som stod for tur. Også her hadde laget sein trekning og fekk æra av å avslutte elitedivisjonen og NM brass 2025 i fullsett Griegsal. Begge konsertane vart godt tatt i mot og hausta ståande applaus.
Høge poengsummar frå dommarane
Det var ikkje berre publikum som var nøgde med MML i år - også i dommarboksen hausta laget høge poengsummar og gode tilbakemeldingar. I dommerkommentarane fekk MML mellom anna skryt for detaljrikdom, fantastiske solistar, god balanse og store dynamiske kontrastar. På plikt fekk MML 97,5 av dommarane og på det sjølvvaldstykket fekk laget heile 98,5 poeng. MML vant med dette plikten. Med ein totalsum på 98 poeng, var det nok til at MML i år gjekk av med siger i elitedivisjonen. Laget kan no kalle seg Noregsmeistrar igjen, for fyrste gong sidan 2010. I tillegg til siger, vart principal William Grøv Skramsett premiert med solistprisen i elitedivisjonen.
This was world class playing and direction - bravo! Chris King, dommar plikt

Foto: Henrik R. Hauken (Strilen)
Nøgd styreleiar
Styreleiar Marianne Bratshaug Gjertsen er svært nøgd med konsertane og resultata i helga, og trekker fram grundige og fokuserte øvingar under leiing av kunstnarleg leiar Allan Withington som ein viktig faktor for det gode resultatet. I tillegg har styret og laget rundt MML gjort ein stor og verdifull innsats for at medlemmene har kunna fokusere på speling og førebuingar av musikken. Det er ikkje til å stikke under stolen at dette var ein etterlengta siger for Manger Musikklag. Førre siger i NM brass var i 2010, og laget har sidan den gong hatt ei lang rekkje med andre- og tredjeplassar.

Foto: NMF / John Vint
EM i Linz 2026
Med sigeren kom det i år kongepokal, vandretrofé, pengepremie og invitasjon til EM brass 2026. No startar altså reisa mot EM i Østerrike, nærare bestemt i Linz, våren 2026. Dette er veldig motiverande for medlemmene i MML og gjev verkeleg ei påfylling av motivasjon til å jobbe med vidare musikalsk utvikling.
Ein stor takk
Manger Musikklag ynskjer å rette ein enorm takk til kunstnarleg leiar Allan Withington som har leia laget fram til NM-sigeren. Allan har jobba detaljert heile vegen og vekene før NM har vore prega av høgt fokus og jobbing på detaljnivå. Me vil og takke støttespelarar og styret som har vore med på å gjere denne helga så bra og som støttar laget heile året. I tillegg vil me takke alle som satt i salen - det som verkeleg gjer NM-helga spesiell er eit publikum som verkeleg er til stede og set pris på det ein gjer. Tusen takk!
Foto: Anne Kolstad Morken
Feiring og Festaftan
På tysdag vart det feiring i øvingslokalet på Gamle Alversund skule, med vandretrofeet på plass. Deretter står Festaftan 2025 for tur, der Even Skatrud nok ein gong kjem tilbake for å dirigere og spele trombone. I år kjem også artist Heine Totland og Karianne Kjærnes for å syngje, ikkje minst kjem Torbjørn Mjøs tilbake for å spele opp til fest utover natta. Billettar kan ein få allereie no på Ticketco - velkomne!