Sesongstart 2021-2022!

Oppstartseminaret er gjennomført og sjølve jubileumsesongen er endeleg i gong!


I slutten av august reiste MML og dirigent Thorgeir Thunestvedt til vakre Eidfjord på oppstartseminar. Her hadde me nokre fine dagar med gode øvingar, timpaniseminar, og mykje kjekt sosialt samvær som me har sakna svært mykje i den lange perioden me har bak oss med strenge restriksjonar.


Oppstartskonserten vert halden sundag 5. september i Radøyhallen, saman med Manger Skulemusikklag. Dette blir den første konserten MML speler på ganske nøyaktig eitt år! Denne sesongen er spesiell i soga om Manger Musikklag, korpset rundar nemleg 100 år 22. april 2022. Dette jubiléet skal korpset markere på ulike vis gjennom heile det neste året. Følg med på desse nettsidene, Facebooksidene våre, eller på Instagram for å halde deg oppdatert på konsertar og andre spanande ting me skal finne på i år.


Vel møtt, og godt nytt korpsår!




Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv