Oppstartskonsert med Manger Skulemusikklag

Sundag 6. september spelte me tradisjon tru felles konsert med Manger Skulemusikklag. Det er viktig for oss å halde tett kontakt med skulekorpset, og det er ingenting som er så kjekt som å spele konsert for heimepublikummet.


På konserten fekk me høyre MSML sitt juniorkorps og hovudkorps. Begge har gjort ein strålande jobb i oppstarten, og serverte nydeleg og flott musikk. Sjølvaste ordføraren, Sara Hamre Sekkingstad, leia oss gjennom kvelden. Juniorkorpset var under leiing av dirigent Patrik Randefalk, MSML var under leiing av dirigent Thorgeir Thunestvedt og MML hadde med seg sin faste dirigent, Martin Winter.


Me takkar for konserten! Takk til alle som kom på konsert! Me gler oss til å følgje utviklinga til MSML vidare!


Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv

Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White Twitter Icon
  • White YouTube Icon

Bankgiro:

Vipps:


Org. nummer:

3636 50 24078
 

95263


984580045

© 2020 Manger Musikklag