top of page

Takk for innsatsen!

Det er endeleg ny sesong og me er allereie godt i gang! Før me presenterer nye medlemmar, vil me gjerne nytte høvet til å takke dei som ikkje skal vere med vidare i laget.


Birgitte Bjørnsdatter Bruget

For 13 år sidan kom ei blid og sprudlande dame frå Brøttum inn i Manger Musikklag. Dette var sjølvsagt Birgitte Bjørnsdatter Bruget. Ho kom vestover for å gå på Manger Folkehøgskule, og var innom Radøy Brass, Kleppe Musikklag og Krohnengen Brass Band før ho byrja i MML i 2007.


Ein høyrer raskt at Birgitte er ein fantastisk musikar. For oss i MML har Birgitte vist enormt mange kvalitetar, både musikalsk, organisatorisk, og ikkje minst som menneske og ven. Ho har gått framføre med eit lysande eksempel i korpset vårt med ei rekkje verv både i styret og MU, ho har vore spydspissen på trombonerekka, har hausta fleire solistprisar og dessutan leia trombonerekkja til fleire gruppeprisar. Eit av dei sterkaste solo-minna er sjølvsagt i Audutorium Stravinski i Montreux under EM i 2011 der ho gjekk heilt til topps og vart Europameister med MML. Det som likevel kanskje gjer at Birgitte skil seg ut, er korleis ho er som person. Eit meir inkluderande vesen er vanskeleg å finne, og ho gjer alltid sitt ytterste for å få andre til å føle seg sett og velkomne. Ho har vore ein pådrivar for både samhaldet og det sosiale heilt sidan starten i MML og vore med på å skape relasjonar og minner som varer livet ut.


I tillegg til å vere lærar og undervisningsinspektør har Birgitte også vore MOT-coach i om lag 10 år, blant anna på Knarvik ungdomskule. Denne jobben har ho sett høgt, og ho har vore godt likt av ungdom. Her snakka ho ofte om korps, MML og livet der - viktig for alle ungdommar som ikkje nødvendigvis berre er glade i idrett. Blant ulike tema har ho snakka om at det er viktig å tørre å drøyme, gleda ein får av å få drive med det ein helst vil, og har vore med på å synleggjere korps som hobby endå meir på ungdommen sin arena gjennom arbeidet. Ho er god til å heie på ungdom og få dei til å føle seg sett og høyrt. Denne kulturen har vore viktig for Birgitte i MML også, og ho fekk vist til personar høgt oppe i MOT at både toppidrettskulturen og verdiane der også er å finne i korps. Ho vart dermed bindeleddet inn i prosessen som gjorde at MOT utpeikte Manger Musikklag til nasjonale ambassadørar i 2010.


Kjære Birgitte, me ønskjer deg alt godt for framtida på Brøttum saman med Olivia og David. Me gler oss allereie til å treffast igjen, og sjå ikkje vekk i frå at heile MML ein dag står på tunet og bankar på. Takk for denne gong, og me sjåast!

Preben Johansen Preben byrja på Manger Folkehøgskule i 2007, og same år kom han inn som eit friskt pust i Manger Musikklag. I musikklaget har Preben vore vår helt på eb-kornett i mange år, med mange store prestasjoner på både nasjonale og internasjonale scener (og med verdas beste pokerfjes...).


I 2015-2017 hadde Preben ein utflukt til Danmark med studier på trompet, men me fekk han heldigvis raskt tilbake. Han er og har vore ein ambisiøs og engasjert musiker og har lagt ned utallige timer på øvingsrommet for å oppnå måla sine. I alle år har Preben vore eit stort førebilete både for medmusikantar og skulekorpsmusikantar i heile Hordaland. Han har støtta opp musikantane rundt seg, satt laget først og spelt alle rundt seg gode. Preben har i tillegg til det musikalske, også vore ein viktig person for det sosiale i MML.


Takk for din lojalitet og dedikasjon til laget! Takk for musikken og innsatsen i skulekorpsa på Radøy. På gjensyn! Vi møtast i musikken!


Brynjar Mjanger Eide

Brynjar Mjanger Eide byrja i MML 2008, og dukka opp i sin flotte blå Micra med bagasjerommet fullt av reine klede henta hjå mor. Då han begynte i 2008, etter året på Manger Fhs, var Brynjar med på å bygge opp slagverksgruppa i MML, som då hadde slitt med å halde på ei stabil rekke i årevis.


Brynjar har vore svært lojal til musikklaget og bidrege som gruppeleiar, MU-medlem, styremedlem, i programutvalet, i BrassWind-komitéen, representant for MML i Radøy song- og musikkråd, og ikkje minst i PR-gruppa, der engasjementet var sterkast. Brynjar har vore, og er, ein stor og god ambassadør for MML, og har både gått og køyrd mange mil for å promotere MML med plakatar i Bergen og Nordhordland. Brynjar har også hatt mykje å seie for det gode miljøet i MML. Hans omsorg for sine medmusikantar er stor, og dei fleste i laget har vel fått spørsmålet «Korleis har du det eigentleg?».


Musikantar som Brynjar er viktig for miljøet og for tryggleiken mellom alle i laget. Tusen takk for innsatsen og selskapet på reisa, me seier på gjensyn, for me veit me vil sjå deg i kulissane og ikkje minst med kaffikoppen på øvingar!

Anja Stavland

Anja byrja fast i musikklaget 2015. Då hadde ho vore med ein del som vikar allereie og arrangert konsert for musikklaget på Bømlo.


Anja har i si tid i Manger deltatt på mange ting, alt frå seminar på ”Fiji” til WMC i Kerkrade. Ho har vore ein god medspelar, som ein ikkje ville vore forutan. Ho har bidratt til godt miljø innad på bakrekka og generelt i korpset, med stort initiativ og sterk dugnadsånd.


Ei dame som ho, med herleg latter og eit hjarte av gull, vil me halde kjær og ikkje miste kontakta med. Tusen takk for innsatsen og på gjensyn!



Erik Træland Hella

Erik byrja i musikklaget i 2017. Erik er ein engasjert og raus kar som ikkje seier nei til utfordringar, og som taklar desse utfordringane utroleg bra. Alltid blid og god og det set sitt preg på omgjevande hans. I laget har han hatt ansvar for laget sitt interne MOT-arbeid, som er ein stor del av laget si identitet. Dette er arbeid me set svært stor pris på! Dei siste åra har han og tatt del i det krevjande arkivansvaret. Me vil gjerne takke Erik for innsatsen, vonar me sjåast igjen i grønt ved eit seinare høve.


Torstein Holmås 

Torstein byrja i MML i 2017 på flugelhorn og har vore ein super ressurs for laget både musikalk og sosialt. Han gjorde sterkt inntrykk på alle i salen under Siddis Brass 2017, då han spelte soloen "Icicles". Me gløymer heller aldri utgåva Torstein gjorde av "Concerto Grosso" under NM brass 2018. Me set stor pris på innsatsen til Torstein og vil takke han for tida han var i MML. Me vonar sjølvsagd me ser deg igjen ved seinare høve!

Ole Martin Hauan

Ole Martin byrja på slagverk i MML hausten 2019, men pga. endra skulesituasjon flytter han no frå Bergen, og gir seg difor i MML. Han gjekk inn med ein positiv innstilling og har vore eit strålande tilskot både musikalsk og sosialt. Me takkar for innsatsen og ynskjer alt godt vidare, på gjensyn!

Maria Torgersen

Byrja hausten 2019 og har vore vikar på flugelhorn i eit år. Maria har gitt strålande musikalske augneblink og har sklidd inn i laget sosialt og. Ho går no tilbake til å spele i Askøy Brass, der ho spelte før. Me takker for innsatsen og for bekjentskapet, vonar me ser deg igjen og ynskjer alt godt vidare!

bottom of page